– alt du treng.
Åmli Totalbygg
Rørlegging
Du er heilt sikkert oppteken av korleis badet ditt skal sjå ut. Rørleggarane i Åmli Totalbygg kan gi deg råd og idear til løysinger. Dei har kunnskap og erfaring samstundes som dei vert oppdaterte gjennom sine leverandører.

Det er strenge reglar og krav til våtrom i Noreg, og rørleggarane utfører arbeidet sitt i samsvar med dette.

Vi legg inn vannboren varme dersom du ønskjer det, og for nye bustader monterer rørleggarane heile røropplegget og koplar det til vatn- og kloakksystemet på staden.

Mange tomter ligg slik til at ein ikkje kan kople seg på kommunalt vatn- og kloakknett. Rørleggaren har kunnskap om korleis ein kan byggje sitt eige avløpsanlegg, og kan hjelpe til med å finne den beste løysinga i kvart enkelt tilfelle.