– alt du treng.
Åmli Totalbygg
Lafting
Lafta hytter og bustader vert stadig meir populære, både fordi dei er miljøvennlege og fordi folk ønskjer eit naturpreg når dei byggjer.

Å lafte vil seie å leggje stokk på stokk, og felle dei saman i hjørna til "lafteknutar". Laftemetoden blir kalla tapplaft. Den er vindtett og stabil, og konstruert slik at vatn ikkje trengjer inn.

Det nyttast seinvakse furutømmer av høg kvalitet. Dei massive tømmerstokkane magasinerar og held på varme om vinteren, og gir svale hus om sommaren. Dei regulerar luftfukt slik at du får eit godt inneklima og eit godt bumiljø.

Laftearbeidet blir utført i laftehall i Tovdal. Verksemda blir driven av ein fjerde generasjons tømrar og laftar, og byggjeteknikken tek utgangspunkt i gammal norsk tradisjon. Laftaren set sitt eige preg på bygga gjennom teknikken, dekoren og utsmykkinga si.