– alt du treng.
Åmli Totalbygg
Elektrisk installasjon
Elektrikarane som er knytte til Åmli Totalbygg leverer alt av elektrikararbeid og utstyr til nye hus og hytter. Vi gjer òg utbetringar i eldre bustader.

Vi sørgjer for alle elektriske installasjonar, og opprettar tilkopling til telefon og data. Elektrikarane monterer òg varmegjenvinnarar og badstuomnar for den som ønskjer det.

Anten det er nyinnstallasjonar eller rehabiliteringsoppdrag vi tar på oss, utfører vi arbeida i samsvar med norske reglar og krav.