– alt du treng.
Åmli Totalbygg
Byggjevarer
Gjennom leverandørane som er tilknytta Åmli Totalbygg sørgjer vi for alt av byggjevarer. Anten du skal byggje nytt eller utbetre bustaden du allereie har, trengst det materialar og utstyr.

Gjennom fleire leverandørar i Åmli tilbyr vi eit breit utval, slik at handverkarane kan nytte akkurat dei materialane og den innredninga du ønskjer. Gjennom godt samarbeid med deg og dei ulike fagfolka som skal byggje for deg, finn vi ut kva for byggjevare som passar best.

Åmli Totalbygg skaffar alle typar trevarer, også for den som ønskjer særpreg eller noko spesielt. Nokon ønskjer at den utvendige kledninga skal vere særleg grov og ha eit naturpreg. Åmli Totalbygg kan leverere kjerneved og villmarkskledning etter ønskje.

Vi leverer raskt same kva du treng, og alle byggjevarer er av god og anerkjent kvalitet.