– alt du treng.
Åmli Totalbygg
Tømrar/Byggmeistar
Fleire byggmeistrar og tømrarar er tilknytta til Åmli Totalbygg, og vi set opp det nye bygget ditt akkurat slik du vil ha det. Skal du gjere utbetringar, utfører vi det òg på det viset du ønskjer.

Når eit nytt bygg skal setjast opp, kan byggmeistrane setje opp grunnmur og reisverk, og kle bygget utvendig. Vi set inn vindauge og utfører utvendig arbeid som taklegging og isolering, og gjer bygget ditt heilt ferdig innvendig med listverk og golv.

Byggmeistrane monterer kjøkken og set inn peisar. Vi utfører en god del murararbeid, og har samarbeidspartnarar som tar hand om det vi ikkje kan gjere.

Dersom du skal restaurere eller pusse opp, kan byggmeistrane gi deg råd om korleis arbeida kan tilpassast den eksisterande arkitekturen og byggjeteknikken best mogleg. Vi har lokalkunnskap og veit korleis arbeida skal utførast for å ta vare på gammalt og få nytt til å passe inn.