Åmli Totalbygg
Byggjer nytt og byggjer på gammalt
Åmli Totalbygg tar alle typar byggjeoppdrag. Vi byggjer nye hus, set opp tilbygg og restaurerer eldre bygg.

Dersom du skal restaurere eller utbetre kan vi hjelpe deg å tilpasse arbeida til den eksisterande arkitekturen og byggjeteknikken. Skal du byggje nytt hus, hjelper vi deg å finne ei løysing som passar både deg og staden der det skal setjast opp.

Har du fått skadar på huset eller hytta di, hjelper vi deg å sikre dei verdiane som er igjen i bygget. Fagfolka våre samarbeider med forsikringsselskapet ditt, slik at bygget kjem raskt i orden.