Åmli Totalbygg
Vi realiserer hyttedraumen din
Stadig fleire ønskjer å byggje hytte på fjellet, men har ikkje lyst til å køyre langt for å kome fram. Då er Åmli eit godt alternativ. Kommunen ligg nær dei større byane på Sørlandet – det tar halvannan time å køyre frå Kristiansand, og litt over ein time frå Arendal.

Det finst mange attraktive hyttetomter i Åmli, både i skogsterreng og på snaufjellet. Her er det kilometer på kilometer med urørt natur og turterreng. Nokre av tomtene ligg i tregrensa, medan andre hyttetomter ligg lågare, i flotte skogsområde. Tomtene gjer det mogleg å byggje både små og store hytter, i alle slags utgåver.

Fagfolka i Åmli Totalbygg kan hjelpe deg med alt du treng for å få akkurat den hytta du ønskjer deg. Handverkarane kjenner naturen i Åmli og veit kva som må gjerast for å tilpasse bygget til det området der det skal liggje. Vi gir deg råd, og skreddarsyr eit tilbod tilpassa den tomta du har, og det du ønskjer og treng.