Åmli Totalbygg
Åmli Totalbygg – hjelper deg med heile prosessen
Åmli Totalbygg leverer alle typar handverkstenester til deg som skal byggje hytte eller hus, restaurere eller reparere. Hos oss får du alt du treng på ein stad, og ei rekke fagfolk samarbeider om å dekkje behova dine.

Det kan vere krevjande å halde styr på alt som skal gjerast. Åmli Totalbygg er eit servicekontor der èin person tar seg av heile prosessen for deg, slik at du slepp å ha oversikt over reglar, avtaler og ulike fagfolk.

Åmli Totalbygg tilbyr lafting, tømring, maling, elektrisk installasjon og rørleggararbeid. Vi står òg for leveranse av byggjevarer, og kan ta på oss oppdrag som omfattar teikning og byggjeleiing. Alt vert utført av fagfolk som kjenner staden der du skal byggje.

Vi tilbyr godt handverk, gode materialar og god service. Vi har både kunnskap om gamle handverkstradisjonar og kjennskap til nye trendar. Vår kunnskap om byggjeskikken og naturen i Åmli fører til at vi kan tilby kvalitet i alt vi gjer.

Åmli Totalbygg tek hand om papirarbeidet når du skal ha utført byggjetenester, slik at du slepp å tenkje på reglar og formalitetar.

Vi reknar ut kostnadene på heile byggjeprosessen og gir deg eit samla pristilbod, slik at du ikkje treng å bekymre deg for uventa utgifter undervegs.

Du tek berre kontakt med Åmli Totalbygg. Alle kontraktar og avtaler ordnar vi for deg. Vi sender byggjesøknad til kommunen og inngår avtaler med dei ulike fagfolka som skal bidra med handverk og materialar.

I tillegg kan vi utarbeide fullstendige teikningar basert på tomtetilhøve og dine ønskje. Vi kan òg korrigere og tilpasse teikningar, eller byggje etter teikningar du allereie har.

Vi har òg gode samarbeidspartnarar som kan gjere grunnarbeidet på tomta di før bygget skal setjast opp.